011 - ATHEIST

PALLPLASS - ein metalpodkast by Bjarte, Ola og Øyvind

Episode notes

Det er teknisk death metal som er i fokus i vekas episode med Pallplass. Sjangerpionerane i Atheist skal på pallen denne gongen, og det er ikkje berre enkelt å rangere plåtene deira. Kva gjorde Atheist så spesielt? Kvifor blei ein tilskodar bore ut av Rockefeller når dei varma opp for Candlemass? Er det Ola, Bjarte eller Øyvind som er linselus på live-DVDen frå Wacken i 2006? Kva var favorittplåta av Atheist hjå kvisshaldaren på Scream-bussen til Wacken i 2006? Er Tony Choy god på bass? Kva var Chuck Schuldiner sitt syn på innoative Atheist? Er platene eigentleg gode, og kven av dei kjem seg på pallplass?