008 - METALLICA

PALLPLASS - ein metalpodkast by Bjarte, Ola og Øyvind

Episode notes

Ein kjem ikkje utanom gigantane i Metallica når ein har metalpodkast. Få band har vore meir definerande og hatt kommersiell suksess av den storleiken som Metallica har hatt! Men har dei gode album, eigentleg? Og kva album strevar seg opp på pallplassane? Er LuLu ein undervurdert juvel? Er Load det beste Metallica-albumet? Kven spelte bass på St. Anger? Har Lars Ulrich vore på hytteferie i Vågå?

Dette og meir til får du fylt øyregangane dine med i episode 8 av Pallplass, når det er Hetfield og Ulrich med kompani som er samtaletema. Nyt!